Tusen Takk for gåver og bladpengar! Bladpenger (kr 275,-/år): konto 3240 11 17937 eller VIPPS 53 14 72
Adresse til redaksjonen, sjå nede på sida
.
Websida er sist oppdatert: 13. nov. 2024
|
Sjå informasjon på kyrkjene i Vindafjord si web-side:
www.vindafjord.kyrkjer.no
eller klikk på biletet bladet nedanfor her:
Mai-Juni utgåva 2024 -
September utg.2024
Advent utgåva 2024
Sjå arkivet med eldre utgåver av Hyrdingen - her
Hyrdingen nr. 5 i 2024 kjem ut i posten 28.desember. - Les den her alt nå som pdf.
Kven som vart valde inn i sokneråd og bispedømmeråd kan du lesa i utgåva nr. 5 (oktober 2023).
PLAN FOR 2024
Nr. |
Matr. frist |
Ut-
deling |
Nr. 1 |
5. jan. |
15. febr.
|
Nr. 2 |
19. febr. |
21.mars |
Nr. 3 |
26. april |
8. juni |
Nr. 4 |
9. aug. |
12. sept. |
Nr. 5 |
25. okt. |
28. nov.
|
Dersom du har meldt inn stoffet eller kunngjeringane til redaksjonen på førehand, kan avtalast 1 veke lengre frist.
 
I 2024 vil det koma ut 5 nummer av Hyrdingen. Kostnadane stig, til porto og trykking. Ikkje like mange støttar oss med bladpenger, men vi rettar ei stor takk til alle som har betalt bladpenger eller støtta med offer i kyrkjene.  
I 2023 hadde Hyrdingen eit underskott på kr 50.000. Dette vil føre til at vi må redusere i talet på trykte utgåver av Hyrdingen framover. I 2024 går vi ned frå 6 til 5 nummer. Så må styret og sokneråda ta stilling til om det må reduserast ytterlegare, eller om vi kan skaffa inntekter på fleire måtar.
Artikkel frå nr. 1 av Hyrdingen 2024
Artikkel frå nr. 5 av Hyrdingen 2022
Artikkel frå nr. 5 av Hyrdingen 2022
Harald H. Eintveit til minne
Minneordet står på trykk i nr. 4 av Hyrdingen 2022, skrive av tidlegare prost Arne O. Øystese.
Minneord om ein trufast medarbeidar
Dette står på trykk i nr. 1 av Hyrdingen 2022, forfatta av kyrkjeverje Inghart Lasse Tveit.
Trusopplæringsprisen 2021 tildelt Brit Nelly og Arne Tveit
Kateket Britt Karstensen og leiar i FUT, Berit Listog, tok overraskande ordet under kunngjeringane på familiegudstenesta i Vikebygd 24. oktober. Dei fortalde om trusopplæringsarbeidet i Vindafjord og i Vikebygd, og at Felles Utval for Trusopplæring i Vindafjord kvart år deler ut ein Trusopplæringspris. I år var det bestemt at denne skulle gå til Brit Nelly og Arne Tveit for deira innsats og engasjement for born, unge og trusopplæringsarbdid gjennom mange år.
Dei drog fram fleire eksempel på kva prisvinnarane, som ho kalla eit “Superteam” har teke del i innan kyrkja og trusopplæringsarbeidet gjennom mange år. Som eldsjeler i speidarabeidet, konfirmantarbeidet, musikalsk arbeid og i kyrkja. Eit eksempel er denne gudstenesta der dei tok det meste av opplegget og inviterte 4-åringane til opplevingar i kyrkja laurdagen og kyrkjesamværet søndag saman med sokneprest Kristian Kyllingstad.
-Dei har eit stort hjarta, eit stort hus og ein stor eigedom, og det må dei ha for det enorme hjarterommet som dei har, sa ho.
-Det er mange som har følt seg velkomne, som har følt seg trygge, som har blitt sett og verdsett, blitt tatt vare på og som har fått hjelp til livsmeistring i liva sine, der det er vanskeleg.
Les meir om dette her.
Les meir på vindafjord.kyrkjer.no
Les meir på vindafjord.kyrkjer.no
|
|
|
|
|
|
|
Årsmøte, styre og vedtekter i Hyrdingen
Representantar for sokneråda kjem saman til årsmøte for Hyrdingen på våren kvart år. Det er sokneråda som står bak bladet, og har godkjendt vedtekter for Hyrdingen. Rekneskapen vert ført av kommunen og revidert av kommunerevisoren, som ein del av fellesrådet sin rekneskap.
Les vedtektene her.
Årsmøtet, som er samansett av ein representant for kvart skoneråd, vel eit styre for kyrkjebladet. I 2022 har ein ikkje lukkast å velja eit fullt, nytt styre. Fellesrådet ser på endringar slik at Fellesrådet kan vera årsmøte og velja styre med leiar. Ei omorganisering kan vera løysinga.
|
|
|
|
|
Sjå arkivet med eldre utgåver av Hyrdingen - her
|
Kyrkjene i Vindafjord har si eiga nettside
Her finn du gudstenestelister og påmeldingsmodular både til trusopplæring, konfirmasjon og
babysong mm.
Du finn kyrkjene i Vindafjord på:
www.vindafjord.kyrkjer.no
|
|
TRADISJONAR I KYRKJENE VÅRE
Eit årvisst arrangement er friluftsgudsteneste på Refsnes i Blikrabygda, som avslutning på
speidarleiren. Dåp er ikkje uvanleg der då, slik biletet frå søndag 5. juni 2016 syner.
Den friluftsgudstenesta inngjekk i kulturveka i Vats. KFUK-KFUM -speidarane i Vats saman med arrangørane for kulturveka stod for det praktiske opplegget. Klikk
her, for å lesa meir frå arrangementet. |
Redaksjonen i Kyrkjebladet Hyrdingen
Bak bladet står sokneråda for kyrkjene i
Vindafjord.
I redaksjonen set nå:
- Steinar Skartland,
- Trygve Sandvik,
- Øivind Jønsson
I tillegg er det kontaktpersonar i kvart sokneråd for stoff til bladet.
Haugaland prosti
Prosten sin kontorstad er
i haugesund
(Les
meir her).
Haugaland prosti har fylgjande fellesråd: Bokn, Haugesund, Tysvær,
Utsira og Vindafjord.
Kyrkjelydane i Vindafjord inngår i
Haugaland prosti. med Rune Steensnæs Engedal som prost.
|
|
Nye funn stadfestar opplysingar i Bibelen
I
ei bok kalla «Bibelen for hovud og hjarte» (2016) skriv tidlegare
høgskulelærar Anne-Margrete Saugstad om Bibelen sine tekstar, deira bakgrunn,
profetiar og oppfylling, samt arkeologiske funn.
Av: Torbjørn Gripsland, KPK
Det har nokså sikkert vore forska meir på Israel-folket og landet dei har butt i
så vel som boka som fortel om denne, Bibelen, enn noko anna folk og land.
I boka kalla «Bibelen for hovud og hjarte» frå Luther Forlag skriv Saugstad at
arkeologi ikkje dreiar seg om å prove eller motprove bibelforteljingane slik dei
står:
– Men historikarane og arkeologane kan lære oss å tenkje på ein annan og for
nokre ny måte når det gjeld Israel-folket si historie. Alt som blir forståeleg
ut frå tida som forteljingane er plassert inn i, styrkjer slik vi har sett
autentisiteten. Dette kan vi bruke apologetisk og vise at det er noko ganske
anna å halde seg til Bibelen enn til andre religionar, skriv Saugstad.
Ho understrekar at fordi Bibelen sine forteljingar passar inn i Midtøsten si
historie og geografi, er det faktisk det «aller viktigaste kriteriet på
historisitet».
Gud kalla Abraham til å dra bort frå Ur i Kaldea (Mesopotamia) og til Kanaan ved
Middelhavet, ca. 1800 år før Kristi fødsel. Abraham og kona Sara budde i Harran
nokre år.
Både Ur og Harran er no funne av arkeologar. I Mari, der Harran låg, er det
funne dokument som viser at bibelske namn som Nakor, Tarah, Peleg og Serug var
vanlege på denne tida. Funn av lover i Mesopotamia samsvarer med skikkar vi kan
lese om i historia om Abraham og styrkjer dermed den historiske tilliten.
Funna viser også at semittiske nomadestammer trengde inn over grensene til Mari.
Abraham var sjølv semitt (etterkomar av Sem, Noahs son, ifølgje Bibelen).
Bibelen opplyser at Abrahams nevø Lot slo seg ned i Siddim-dalen, der Saltsjøen
er no (1. Mosebok 14,3). Fem byer omtales, Sodoma, Gomorra, Adma, Behoim og Bela
(Soar). I 1976 gjorde italienske arkeologar viktige oppdagingar i byen Ebla, der
15 000 leirtavler blei funnet. Der blir dei fem byane omtalt, og utruleg nok,
nemnde i same rekkjefølgje som i Bibelen.
Går vi til Egypt, har ein oppdaga funn som stadfestar fleire av Bibelen sine
opplysingar. Fyrste byen som Abraham kom til i Kanaan, var Sikem. På ein
minnestein fortel ein krigsrapport om 3. felttoget til farao Sesostri: «Hans
majestet kom til ein stad som heitte Sekmen» (Sikem).
Kvifor er ikkje den store hendinga som Israels-folket sin utgang frå Egypt var,
omtalt i egyptiske kjelder? Saugstad nemner at praktisk talt alle hendingar
omtalte i egyptiske tekstar, har ein lukkeleg slutt.
– Ei ulukke blir ikkje skildra utan at ein kan opplyse om korleis den blei
overvunnen, og ein krig som ikkje endar med siger, blir ikkje tala om.
Eit oppsiktsvekkjande funn er dette: For ikkje lenge sida blei det funne ei
steininnskrift som blir datert til ca. 845 f. Kr. som nemner «Davids hus» og
«Israel sin konge». KPK
Saugstad skriv naturleg nok også om Det nye testamentet. Når det gjeld
forskingsresultat, er kanskje noko av det viktigaste det som gjeld Jesu liv og
oppstode. Ho skriv: «Knapt noko i heile antikken er så godt vitna som Jesu
oppstode frå dei døydde!» Jesu disiplar som blei totalt forandra frå svik og
vantru til modige vitne, må også forklarast. Og ingen fekk lov til å vere ein
apostel i urkyrkja utan å ha vore augevitne til Jesu liv, død og oppstode.
Saugstad kjem med denne konklusjonen:
– Historisk sett står Jesu oppstode veldig sterkt, og fornekting av Guds
eksistens er det einaste verkelege argumentet ein sit igjen med dersom ein
nektar for Jesu oppstode. KPK
|
|
Arkiv med eldre utgåver av Hyrdingen - sjå her
|
|
Viktig om kunngjeringar:
Mange ynskjer å kunngjera møter i sitt bedehus.
Med 9 bygder og 8 kyrkjer må vi i redaksjonen "gjera oss litt vanskelege".
Møtekunngjeringar vil i hovudsak bli sett opp i tabellform med flg. info:
- Dag/dato/klokka
- Type arrangement
- Talar eller organisasjon
- Stikkord for spesiell aktivitet
Evt. med førehandsomtale, når det gjeld svært spesielle eller større arrangement, møteseriar over fleire dagar etc.
Tid for bladpenger
I nr 1 ligg det med ein
giro-blankett der me
oppfordrar så mange som råd å betala bladpengar med kr 275,- pr år, eller
eit anna beløp om du heller vil.
Bruk konto: 3240.11.17937
Bladpengar, gåver og støtteannonser skal dekke kostnaden med å utarbeida bladet, trykking og porto slik at alle husstandar i Vindafjord får bladet i postkassane 5-6 gonger
i året. Kvar gong går det ut ca. 4000 eks. av bladet, og budsjettert kostnad er omlag 200-220.000 kr. pr år.
|
|