HYRDINGEN

 

Kyrkjebladet i
Vindafjord

 

   

KYRKJEVANDRING & PROSTIDAG VED IMSLAND »

 

LES OM PROSTIDAG OG KYRKJEVANDRING I HYRDINGEN

 

Kristi Himmelfartsdag  2. Juni 2011

 

Kristi Himmelfartsdag 2. juni vart det halde felles gudsteneste for heile prostiet i Imsland kyrkje. Før gudstenesta vart det arrangert ei trusvandring frå bygdahuset oppe i Ølmedal og ned til kyrkja. Begge deler vart ein stor suksess trass i at vermeldingane ikkje var dei beste.

 

Då vandringa starta kl 10, var mellom 150 og 200 møtt fram, både store og små. Her var seks postar underveis med ulike aktivitetar, deling av tankar rundt eit tema og lesing av eit bibelord. Ein fekk laga seg kors til å festa på kleda, spikka vandringsstav, og ein fekk boller og saft på ein post. På andre postar skulle barna finna bøneemne og dei skulle læra å dela når dei fekk noko godt.

 


Til alt hell var det stort sett opphald under heile vandringa, slik at alle kom tørre til gudstenesta kl 12. Her gjekk alle geistelege, ministrantar frå Imsland og born i prosesjon inn i kyrkja, kor over 250 hadde møtt fram. Born frå koret ”Kids of Joy” frå Ølen song for oss. Tidlegare biskop i Bjørgvin, Ole D. Hagesæther,  heldt ein fengande tale som han også kobla til bileta i altertavla vår.

 

Etter gudstenesta var det matøkt nedanfor kyrkja med grilling av medbrakt og sal av pølser og is. Diverre kom regnet. Ein del søkte ly i bedehuset, men dei fleste hadde kledd seg etter veret og sat ute. Etter matøkta heldt biskop Hagesæther eit inspirerande foredrag rundt temaet pilgrimsvandring. På grunn av veret vart foredraget halde inne i kyrkja.

 

Imsland sokneråd vil takke utvalet for ”Pilgrimsarbeid og retreat” og prost Øystese for at dei la dette arrangementet til Imslandkyrkja. Det passa svært godt i eit år kor kyrkja er 150 år. Spesiell takk til Ingerid Aadland og kateket Britt Karstensen for opplegg og gjennomføring av trusvandringa.

 

av Theodor Imsland

 

Førehandsomtalen:

Med jevne mellomrom blir det lagt til rette for ei fellesguds-teneste i prostiet vårt – som er ganske vidstrakt!  Dette året har vi planlagt ei gudstenete i Imsland kyrkje; Kristi Himmelfartsdag   2. juni kl 12:00. 

 

Biskop Ole D. Hagesæther – også kalla ”barnebiskopen” – blir med som predikant. 

 

Det blir ikkje gudstenester andre stader i prostiet denne dagen på dagtid.

 

I ei tid der trusopplæring blant våre barn og unge har topp prioritet, har vi lagt opp til ei TRUSVANDRING i det vakre lendet kring Imslands-kyrkje i forkant av gudstenesta.  Planen er å samla mange born og unge, og la dei – saman med oss vaksne – delta på trusvandringa frå kl 10:00.  Vi har også invitert barnekor i prostiet til å vera med oss – og vonar dei kan syngja i gudstenesta.  Etter gudstenesta vert det matøkt ved Imslandssjøen.


Kort fortalt ser programmet for denne dagen slik ut:

Kl 10:00:  Trusvandring ved Imsland kyrkje
Kl 12:00:  Gudst. i Imsland kyrkje v/biskop Ole D. Hagesæther
Kl 13:30 (ca):  Matøkt ved Imslandssjøen.

 

Vi kjem tilbake til meir informasjon om denne dagen, og ber kyrkjelydane setja av 2. juni til ein festdag ved Imsland!

 

Arne O. Øystese,
Prost.

 

 

Kyrkjebladet  »

 

Kyrkjebladet Hyrdingen kjem ut 6 gonger i året og går då til alle husstandane i Vindafjord.  I tillegg kan utflytta personar få bladet tilsendt i posten.

 

Pris »

 

I tillit til at mange nok betaler frivillige bladpenger, så ggår bladet til alle husstandar i kom-munen.  Difor oppfordrar vi alle mottakarar til å betale ein fri-villig kontingent på kr 250,- pr år.  Synes du dette er for mykje eller for lite, så kan du sjølv velja eit anna beløp. 

Konto:  3243.05.05202

 

 

8 kyrkjer og sokn »

 

I Vindafjord er det kyrkjer i Imsland, Vikedal, Sandeid, Ølen, Vats, Bjoa og Vikebygd. Desse har felles kyrkjeblad.

 

 

Elias Blix jubileum »

 

Ein stor salmediktar
Dette året er det 175 år sidan salmediktaren Elias Blix vart fødd. Jubilèet  vert markert på ei rekkje stader i landet,- ikkje minst på heimstaden hans i Gildeskål. 

 

Sokneprest Harald Eintveit har laga eit biografisk riss, samt ein kort omtale av salmeskatten hans. Denne kjem vi tilbake til i Hyrdingen

Kyrkjebladet  hyrdingen.no   © 2011 • om kyrkjene i Vindafjord •