HYRDINGEN

 

Kyrkjebladet i
Vindafjord

 

          

Gudstenestereform»

 

Sokneråda var samle til kurs i Vikedal 25. januar 2011

Det har lenge vore snakka om reformar i gudstenesta.  Vi må fornye oss for å møte nye tider og nye generasjonar.  Dette gjelde salmeval, musikk, plassering av ledda i gudsteneste-liturgien, og korleis vi legg til rette bøner i gudstenesta.  Lekfolk må få eigarskaå til gudstenesta.  Kjenne seg igjen, delta både som tilhøyrar og i gjennomføringa av gudstenesta.

 

Prost Arne Øystese hadde kalla inn alle sokneråda go gudstenesteutvala til felles samling med kurs og samtale.  Kva vil vi i vår kyrkjelyd?  Ein stør flokk var samla i Vikedal Samfunnshus denne kvelden og fekk god innføring i kva som ligg i den nye ordninga, og høve til å drøfta kva kvart sokne ynskjer.

 


Arne Dag Kvamsøe, sokneprest i Hinna menighet, var kursleiar / foredragshaldar som på ein levande måte tok gudstenesteutvala inn i visjonar for gudstenesta, møtestaden, gudstenestereform og kjerneverdiar. -Sokna må finne ut kva som fungerer og kva som ikkje fungerer, sa han.  Finna ein god måte å møtast på, og det som høver best i den einskilde kyekjelyden.

 

Ølen og Bjoa Sokneråd drøfta Gudstenesta i lag på kurset.

Utover året skal kvart sokneråd arbeida vidare med si gudsteneste.

 

Kyrkjebladet  »

 

Kyrkjebladet Hyrdingen kjem ut 6 gonger i året og går då til alle husstandane i Vindafjord.  I tillegg kan utflytta personar få bladet tilsendt i posten.

 

Pris »

 

I tillit til at mange nok betaler frivillige bladpenger, så går bladet til alle husstandar i kom-munen.  Difor oppfordrar vi alle mottakarar til å betale ein fri-villig kontingent på kr 250,- pr år.  Synes du dette er for mykje eller for lite, så kan du sjølv velja eit anna beløp.

Konto:  3243.05.05202

 

 

8 kyrkjer og sokn »

 

I Vindafjord er det kyrkjer i Imsland, Vikedal, Sandeid, Ølen, Vats, Bjoa og Vikebygd. Desse har felles kyrkjeblad.

 

Elias Blix jubileum »

 

Ein stor salmediktar
Dette året er det 175 år sidan salmediktaren Elias Blix vart fødd. Jubilèet  vert markert på ei rekkje stader i landet,- ikkje minst på heimstaden hans i Gildeskål. 

 

Sokneprest Harald Eintveit har laga eit biografisk riss, samt ein kort omtale av salmeskatten hans. Denne kjem vi tilbake til i Hyrdingen

Kyrkjebladet  hyrdingen.no   © 2011 • om kyrkjene i Vindafjord •